29. juni 2007

To ting...


... som irriterte mej litt no når ej skolde sette mej ned her og skrive litt.

1) På nyheitene i radioej sa dei i dag tidlig at dinne helga kom 70 jente, altso: sytti; sju-null; søtti; seven - oh, jente til å verte voldtatt. Dei fleste kjeme til å verte voldtatt på vei heim frå byn eller på naschspiel, og då e det vel helst laurdagskveld vi snakka om i sofall. 70 stykk på ei laurdagsnatt e et tall so e so uto dinne verden, at ej kjenne ej verte varme og kolsvarte inni mej. Ej verte so sinte.

No e det masse so kan verte sagt om voldtektsmannane. Ej las nettopp et intervju i et ta dissa dameblada vi site og kosa oss me på nattevaktene, og der va det en fyr so hadde voldtatt ei jente på en so grusom måte at ej ikkje vil begynne å tenke på det en gong, so va intervjuobjektet. Han fe kvar veke rusle fri og fornøgd uto fengselet han site i og ta bussen inn til Bergen by førr sprade rundt i gatene et par tima før han går til terapi. No tenke sikkert fleire at "det må han no få lov til, han he jo sikkert vorte rehabilitert, og alle fortjena en ny sjanse...". NEEEEI! Det tenkte nemli ej me, når ej las ingressen. Men so veit du, ette å ha lest mej gjøna heile intervjuet kjeme spørsmålet vi alle venta på: "Tror du at du kan komme til å voldta igjen?". Og han svara som sikkert sant e: "Jeg kan ikke love noe...".

Ej trur, med handa på hjertet, at folk som han e skikkelig sjuke. En verte ikkje berre en so grusom voldtektsmann uten vidare. En eller annej plass ligge der nåke grunnleggande feil, nåke som he skjedd eller ikkje skjedd i løpet av oppvekst, ungdomstid eller voksen alder. Nåke som gjer at akkurat dinne personen føle at han he retten til å invadere et anna menneske sitt liv og kropp på en sånn måte at det e fristande å frarøve han det same. Ej provoserast sånn over disse mannfolka som skal sette sej som herra over våre liv, bestemme ka eller kor vi skal gå, ka vi skal ha på oss eller om vi kan reise på tur uten andre. Ken trur dei at dei e?!?

So kan vi sjølsagt diskutere kvinna si rolle oppi det heile. Skitt au, vi gjer det- vi hoppa i det og teke diskusjonej om påkledning og det faktum at nesten halvparten av mannane so vart spurt i en undersøkelse i ei ta landets større avise førr ei stund sida, svarte at utfordrande påkledning og oppførsel hadde nåke å seie. Og førr å vær ærlig, so trur ej også det. I NÅKREN tilfelle. Og då skrike dei og bære sej, alle rødstrømpene og alle dei faste tilhengarane av miniskjørt som dekke 15 cm av raua deira og lete resten, rubbel og bit verte hengande ned- og utføre. Her en laurdag va ej og nåkren venna på et utested når det kom ei jente - full som en dupp bort til nabobordet. Ho va tydeligvis ute på tur og hadde sej en skikkeli heilaften. Før ej veit ordet ta det, teke ho et grepa tak om puppane sine, drege dei uto utringinga og vise dei fram til ken som no måtte ha lyst til å ta en kikk eller studere dei nærmare, før ho gir en fyr en litej lap-dance og drikke opp restej ta øla hass. Og då tenke ej i mitt stille sinn at ej kanskje e einige me den lisje halvparten ta mannane so seie at oppførsel og påkledning i visse tilfelle e avgjerande. Kan ikkje vi høyre litt på dei da? Når so monge seie at det he nåke å seie, so må det no vel vær nåke i det?

Men uansett hjelpe det allikavel ikkje stort førr den jenta so kledde sej so en fjøsnisse, tok en joggetur i stadenførr å gå på byn og fortsatt vart overfalt... Ej tenke at en må, -sjøl om ei voldtekt e forferdelig uansett ka måte det foregår på, innsjå at der e ulike typa ta dei. Der e han som venta i fleire tima på jenta ved byporten i Bergen før ho endeli kom og han kunne ta fram skrujernet og saksa han hadde i lomma. Der e han som he vorte grafsa og gnidd på heile kvelden, som he funne helgas møkkafulle one-night-stand, som e klar som berre det og som ikkje førr nåke ting i verden akta å gi sej hvis ho, ette å ha varma opp, allikavel ombestemme sej og ikkje vil ha sex allikavel. Akkurat siste typen trur ej utgjer fleirtale ta dei 70 voldtektene som kjeme til å skje, og som sjelden eller aldri verte anmelde.

2) Oookay, den andre tingen ej va litt irriterte over i stad e kje like masse å irritere sej over lenger, kjenne ej.
Det va berre det at det låg 12 mail frå facebook når ej logga mej på hotmail i dag, om at folk hadde kommentert og kosa sej på sida mi, å so kom facebook å sa at dei dreiv på me ett eller anna oppdateringsopplegg so gjor at ej ikkje kunne logge mej på på et par tima. Og altso, vel, ja ... peanuts.



God helg!

1 kommentar:

Liv Jorunn sa...

Godt skrive du, og jeg er så hjertens enig.
Og fin fiskehistorie du har lagt igjen hos meg:)
Når får jeg se Mariannes blide åsyn igjen?