24. september 2006

Africa, Africa lets go back to Africa

I dag sat ej og rydda litt her og der, no e det tross alt rett rundt hjørnet at ej kan flytte alle tinga mine ut frå skapet på rommet mitt, og ned i skapet i huset mitt. I ei kasse med alt det gamle skulerusket mitt frå Lærar- akademiet fann ej også rapporten min frå alternativ praksis i Etiopia. Det e so lenge sida ej he tenkt på det, og det va godt å forflytte sej tilbake til Addis ei lita stund, og tenke på alt det kjekke og flotte vi fekk oppleve der. Vi hadde det so utrulig artig!

Det e et kjempeprivilegium å få ha vore 5 veke i det landet, og alle burde berre få sjansen til å reise dit og sjå og verte kjent med det utrulige folkeslaget Etioperane e. Dei e dei einaste av to afrikanske folkeslag som aldri he vorte kolonisert - og det kan du sjå på dei også! Dei e et stolt folkeslag, og e glade i ditte landet som dei sjøl, og andre som ette kvart he opplevd Etiopia, kalla "Smilets land". No e der et anna land ej he vore i som også kalla sej ditte (Thailand), og ej he tatt ei uhøgtidlig kåring mylla disse to. Stillinga blei 1-0 til Etiopia. Dei trenge ikkje en gong å stille opp til kampen førr å vinne en gong, dei.

Etiopia kjøre litt sitt eige løp, også når det gjelde klokke og kalender. Der nede ligge dei 7 år ette oss i tid, nåke so vil seie at dei ikkje he komt sej lenger enn til 1999. Dei he 13 måneda i året, og klokkedøgnet deira begynt når sola står opp. Då e klokka 12:00. Unødvendig å seie at vi va forvirra dei fyrste dagane. Det va kje berre berre å vite ka tid vi skolde møte opp på skulen, og snart vart det litt sånn at vi møtte opp og satsa på at vi va i rute. Dei e uansett ikkje so strenge på det i Etiopia.

No he ei so ej va i praksis att me, bestemt sej førr å ha sej enda en tur tilbake til Addis. Ho går interkulturell forståelse ved NLA i Sandviken, og skal om ikkje lenge sette sej på flyet som teke ho tilbake til Addis, gatene, taxiane, Enculala Fabrica og alle dei utrulig herlige folka der nede. Ej e so misunnelig at ej kjenne det gnege. Nåkren so vil være me mej en tur? Ej kan være guide!

Kaffikos på trammen. Ikkje nåke 'Instant coffee' her i garden.

Injera - Etiopias nasjonalrett. Før du verte vant me det, e det som å ete ei tynn skumgummimatte so smaka gjær. Men so - brått e du avhengig. Mmm!

Bygartnaren e ute på jobb. Han klippe graset. Med saks!


Dinne lisje jenta va kje blyge en gong, men gjekk rett opp til tavla og sette i gong me å lede klassa i å lære engelske ord. C! A! T! - CAT!!! Fantastiske vesen...


Og hvis du e ta den oppfatninga av at Etiopia berre e støv, grus og stråhytte, fattige folk, sult og nød - so må du tenke om igjen. Her e vi ute på byn en kveld, og møtte folk som ba oss tynt om å reise heimatt og fortelle at Etiopia e so utrulig masse meir enn nettopp det nyheitene fortelle. Sjøl om Etiopia he masse dei må jobbe med for å bli kvitt fattigdom og vanskeligheite, so klare dei ikkje å kome sej utav det dersom vi går rundt og helde dei nede ved å sjå på dei som fattige og berre det.

Ååå, bli med en tur til Afrika! :)

21. september 2006

10 000!!!

No nærma vi oss raskt 10 000 treff på tellaren min, og ej legge mej flate. Det e so kjekt at so monge he vore innom i løpet ta det siste året! Den so verte nummer 10 000 må nok legge igjen en liten kommentar!

20. september 2006

Svusj....!

Dagane går so fryktelig fort førr tida! Ej fe knapt nok snudd mej rundt mej sjøl før dei e borte. Det visast vel egentlig ganske godt her inne også. Ej prøva so godt ej kan å få tida til å strekke til og blogge litt før ej sleppe haudet på puta og sovna med et brak klokka 23:30 kvar kveld.

Kroppsøving e bra da. Det går for tida i svømming og orientering, kropp – trening – trivsel, og kordan vi skal være med på å utvikle ungane sin sansemotorikk under leik og moro. Det e alt i alt ganske spennande. Og so pendla ej da. Ej som liksom skulle bu i Volda og hadde funne mej leilighet og greier, kunne ikkje anna enn å slå på tråden til han som skulle ha vorte huseigaren min og seie at ej ikkje ville bu der allikavel. Det va sopp i det eine hjørne i stua, og då orka ej berre ikkje. Det E ikkje det at ej e so himla kresa nei, det e berre sånn at ej he vore der før, og sopp og mugg og sånne kamerata skal en berre ikkje opphalde sej me over lengre tid. I learned it the hard way. I allefall vart nesten-huseigaren min ganske sinna. Og det forstår ej da virkelig.

So no, no veit du! No he ej fått installert mej i farmorstua, den lisje hytta et lite steinkast frå mamma og pappa. (Akkurat det kunne kaste vore litt lenger vekk da. Ikkje det at ej he nåke i mot å bu oppi mamma og pappa, men det e kanskje litt skremande at ej dei siste åra he vorte på dinne plassen som ej på en måte bestemte mej førr å boikotte – koste ka det koste ville. Utviklinga ser noko spanande ut…) Ej he då dreve å pussa opp kjøkkenet, og her om dagen fekk ej endelig dei to sofane mine, som ej i dag endelig kunne pakke ut. Det va som julaften der nede. Som julaften, berre at du veit akkurat ka du fe, og at du he betalt for det.

Men – nok om mej for dinne gong. Ej site her og e so trøtte at ej ikkje veit å kome på nåke meir å skrive om. Det e berre det at Liv Jorunn sin kommentar om at ej aldri blogga meir, va litt vel vanskelig å svelle. Å kor ej savna å ha tida til å blogge som i gode gamle dage.

Å herlighet – ej kan umulig ha hatt nåke liv med tanke på all blogginga ej faktisk fekk tid til då.