Blåbær! Store, søte og deilig blå. Innimellom edderkoppnett og hjortebæsj i blåbærskogen fann vi nokre få som enda ikkje hadde vorte med ein og annan ivrig bærplukkar heim enda.
Litt mat må ein ha når en er i plukkemodus. Etter å ha fylt botnen på Hello Kitty- bøtta med søte og store blåbær, var det på tide å finne ein stubbe og kvile litt på. Så fann vi fram heimelaga sjokoladekake og appelsinsaft og tok ein velfortent pust i bakken. Vi åt litt på kaka, og myggen åt litt på oss...
Det er mykje spennande å oppleve når ein er ute på tur! Hannah lærte meir om høgspentledningar og forstod at det ikkje er noko å spøke med. Ho syntes derimot tanken på at vi hadde gått oss bort i blåbærskogen var mykje meir skremande, og spurte kvart femte minutt om eg var heeeilt sikker på at vi kom til å finne vegen heim att...
Hannah sitt minne frå turen vår kan du sjå HER
SØTA:)