28. august 2006

Hunting high and low...

















Ej og ei veninne va dei desidert største A-ha- fansa so fantes på planeten. Det va iallefall vi ganske sikre på. Det va ikkje sjelden at ej overnatta bort me ne Ann Sofi, og som oftast va det ikkje nåke problem for oss å gå og legge oss.

Ette å ha fått kneippbrød med nugatti (det va sake det. Kneippbrød va himmerik på jord for ei lita jente so berre va vant me heimebaka brød, og som kom frå en syskenflokk der en boks nugatti forsvann før du fekk knivej mylla fingrane.) traska vi ned på rommet hinna med en stabel eventyrbøke under armen og kraup ned under kvar vår dyne. Ej låg på madrass på golvet, og va heilt oppslukt i disse fantastiske bøkene med all verdens eventyr og fantastiske bilde til. Det va kun én ting so kunne rive mej vekk frå dei, og det va når Ann Sofi spurte om vi skolde leike A- ha leiken. A- ha leiken va enkel og grei, og vi vart aldri lei ta den. Vi forsvant inn i verda der Morten, Magne og Pål plutselig va i passande alder, og vi budde på same barneheim.

Å jada.

På barneheimen va det sjølsagt veldig, veldig strengt, med gutefløy og jentefløy, og ei illsinte nonne so styrte heile opplegget. Ho brukte å gå uanmeldte runde for å sjekke om nåkren hadde sneke sej ut eller inn og ditte va stort sett det det heile gjekk ut på. Vi va sjølsagt dei søtaste jentene på heile heimen, og kvar gong vi åpna glaset der nede på jenterommet, kom Morten på haude inn, med Magne og Pål hakk i hel. So sat vi der da, i kvar vår seng og snakka me drømmegutane. Der og då la vi ikkje lenger merke til ka den andre sa eller gjorde, for tross alt snakka vi jo ikkje lenger med kvarandre, men ej me Morten og Ann Sofi (framsynt so ho va) med Magne. Vi fniste og lo og rødma ta gutane si hemningslause flørting før vi brått høyrde skritt i gangen og måtte sette himmel og jord i bevegelse for å gøyme dei under dei spinkle sengene våre.

Opp i all dinne romantikken va det veldig lett å gløyme Pål. Stakkars Pål. Han va liksom aldri heilt på høyden han, i forhold til dissa to andre. Han va so hengslete og nerdete på en måte, og det endte som regel opp me at Pål vart sitande i en krok og lese i eventyrbøkene. Eller klimpre på gitar. Det e kje det at ej trur han hadde so masse i mot det, for tross alt so va dissa eventyrbøkene virkelig ekstraordinært bra, og gitarspelinga he han jo virkelig nytt godt ta i ettetid. Han va liksom berre meir kompistypen, han. Men av og til synst vi synd på na, som når han alltid va den so blei tatt av den strenge nonna. Når vi ser tilbake på det no, so va det nok litt slemt gjort at vi alltid prioriterte å gøyme Morten og Magne fyrst. Vi må berre håpe han he tilgitt oss førr det.

I helga va ej iallefall på A-ha konsert og såg gutane igjen. Og no skal ikkje ej bedrive nåke anmeldelse på nåke måte, men la mej berre sei det sånn: Ann Sofi - du gjorde nok rett i valget du tok for alle dissa åra sida. Han Magne va konsertens store opptur. Paal, som han no so internasjonalt he bekledd sej, va verken pinglete eller nerdete lenger, og framstod som den lisje helten han e. Morten derimot... Uff, uff, uff. Morten - du e herved advart: vinduet mitt står IKKJE på gløtt lenger. Ej ha kje gjømt dej under senga mi om det so stod om livet.

Ej fatta ikkje at ej kasta vekk so masse tid på dej. Ej hadde mine anelsa der på barneheimen, men lot mej lure ta det ej synst va fascinerande og filosofiske tanka om krig, fred og religionspolitikk. Altfor seint fann ej ut at ej burde brukt meir tid i hjørnet sammen med Pål.

Sagt med kjærleik.

22. august 2006

Sida sist he ej...

... vore på én einaste liten, puslete fjelltur.

... tatt opp igjen en muntlig eksamen i Bergen, og kjørt heim i lykkerus over "bragden" det e (førr mej iallefall..) å ha fått en C i Natur-, samfunn- og miljøfag. På siste spørsmål vart nok sensor rørt over at engasjementet va tilstades og augene mine blei blonke - men sannheita e at ej va berre so hinsides glad. Ej forstod ej faktisk straks va i mål...

... lært at å køyre heilt til Bergen og tilbake med en liiiiitej lyd i motorej, ikkje e særlig smart. Då står en plutselig hos bilmekanikaren og sler haudet i disken, bite sej i sutreleppa og trygla om å få dele opp betalinga i tre omgonga.

... begynt på Kroppsøving i Volda og funne plassa på kroppen som ej ALDRI trudde kunne verke so mykje. Det gjorde direkte låkt å legge sej i går kveld. Det skal det aldri, aldri gjer. Men det e verdt det altso... Kan nesten å stå på henda no!

... funne mej verdens stiligaste, om so kanskje minste, ettromsleilighet i Volda. Dyre va den me. Einaste positive e at et telys burde halde til oppvarming, og slik unngår vi tåpeligheita det e å leige leilighet der straumen kjem i tillegg. Når Norge visstnok går mot tidenes verste straumkrise og Volda faktisk e en ta dei få plassane der du fortsatt he gode sjansa førr å finne dej bustad med inkludert straum, so seie det vel sej sjøl at en eller anna plass innimylla der va der et økonomisk moment so skreik ette litt meir oppmerksomheit. Og som berre ikkje fekk det.

... fått mej kajakk! Ej he fått mej kajakk! Ja, det he ej! Å du og du, den e bra lekker. Raud og fin. No he ej lært mej å kome mej inn og ut av den når den ligge ved flytebrygga. Ej må innrømme ej skamma mej litt når ej merka kor lett og lite skummelt det va - kontra tida ej brukte på å site på hekken og tenke gjennom alt som kunne gå gale ved å slenge raua ti cm opp, til venstre og forhååååpentligvis trygt i bryggeplankane.

... sett lisjebrorej min, en kamerat og ei venninde gifte sej. Ikkje med kvarandre nei...

... hatt Rita, Linda og Agnetha på besøk - kollektivet frå Skrivergata reunited!

... nesten jobba mej i hjel, og lært at ikkje alt i livet kan kjøpast førr penga. Neste sommar skal ej ha litt meir fri.

..."vokst" ut to alle buksene mine.

... innsett at å ete smågodt so godt som kvar dag gjøna heile sommaren gjerne gjer det med buksene dine. Hypotesa "A moment on the lips - a lifetime on the hips" e herved utprøvd og vedtatt. Ej og Shakira e skjønt einige: her e det ingen hofte so klare å lyge sej unda nåke ting so helst.

Takk og lov førr at hausten e i gong, at Volda e utstyrt me masse fine turløype, at sola framleis skine og førr at DU e her og lese bloggej min, sjøl om ej he tatt den longe bloggeferiej. Hjarteleg velkommen e du i allefall. No rusha vi mot 10 000 besøkande, gjer kje vi?