2. januar 2007

GODT NYTT ÅR!

28. desember 2006

I går va det juletrefest

på bedehuset, og det va en interessant opplevelse. Dei tidligare åra he det alltid vore stas å kome inn i storsalen, sjå det pynta juletreet, og møte smått og stort frå bygda - alle i finstasen og med stjerne i augene. Då e det endelig fest! Ej hadde sagt ja til å spele piano til songane, og det angra ej som regel på at ej samtykka til. No trur du kanskje at sida ej skrive "som regel", so betyr det at dinne gongen so gjekk det knirkefritt. Men det stemme ikkje. Ej kan nemlig ikkje lese nota, berre besifring. Farmor va den som i et lyst øyeblikk lærte mej å spele vilt, før ho SO innsåg at ej burde få utvikle det gryande talentet mitt innen den kommunale musikkskulen. Det e so å flå bjønnej før han e skotej, veit du. Det funka rett og slett dårlig. Ej brukte som regel min tildelte halvtime med pianolærarej min til å hekte skuldrane opp under øyrene, vende to auge små mot himmel blå, og be høgare makte innstendig om at ej måtte treffe rette tangentej. Når det då va en del ta dei å velge mylla, og når det ettekvart vart stilt krav til at du pinadø måtte treffe en svart en innimylla også, so seie det sej sjøl at musikkskulekarriera mi ikkje stod øverst på lista. Den dag i dag verte ej heilt lamma når ej må spele melodistemma på den songen ej skal spele. Og når litt av poenget med det heile faktisk e å sette folket i gong, gjerne ette et tydelig forspel so ikkje lemna tvil om ka song so står på plakaten, so ligge der en kombinasjon der en plass so berre verte litt vanskelig førr mej.

Ej allierte mej med lisjesystra mi og ei ta venindene hinna, og dei skolde bli med fram som forsongara. Men ditte va virkelig kvelden det ikkje gjekk so greitt, og heldigvis va det ikkje berre spelinga mi som la lista. Det gjekk i søkk og kav. Andaktshaldaren skulle snakke om Jesus i krybba og bad ungane fram til scena sånn at dei kunne sjå inn i julekrybba ho hadde me sej. Ungane hørte derimot "på scena", og før ho fekk sukk før sej va det 70 krabata der framme med eitt mål for auge - gjere alt mulig anna enn å fylge me på det ho sa. Det blei et heise leven. Det va unga overalt. Dei spelte piano, balanserte på scenekantej og såg ken som klarte å hoppe alle trappetrinna i eitt hopp. Jesusbarnet gjekk i golvet, hyrda og engla og tre vise menn låg strødd både her og der, og tapen so holdt Betlehemsstjerna til pinnej sin, rauk. Maria og Josef vart ikkje plukka uto eska en gong, og sånn ej kjenne juleevangeliet, so va det vel ikkje akkurat sånn det heile føregjekk.

No va det derimot et poeng i at Jesusbarnet gjekk i golvet og knuste sej, førr på dinne måtej kunne dama fortelle dei håpefulle små om at Jesus også vart kalla verdens lys, og at ingen treng å vandre i mørket dersom Jesus e med. Og so fyrte ho opp et gigantisk stearinlys og sette det midt ned i julekrybba som då va laga ta mose, bark og småkvist. Eller, som dei seie i speidaren: opptenningsved. Vi so sat i salen såg berre lyskransej stå rundt hauda på dei so satt nærmast fjøsen. Ja, dei sat so nærme lyset at vi kunne sjå blodårene i øyrene på en og annej stakkar. Det e kje til å stikke under en stol at det va en del fedre so såg føre sej å måtte gå heimatt ette julefest med gutane sine uten verken augebryn eller augevippe, og en del mødre sverga sikkert å aldri, aldri, aaaaldriiii bruke hårspray på jentene sine igjen, berre det gjekk bra dinne gongen!

So ette dinne meir eller mindre vellukka affæra (alt ettesom ken so såg på det; foreldra eller talarej..), og besøk ta julenissen so fekk alle under 4 til å hylgrine, såg ej ikkje poenget i å gru mej nåke meir, og tenkte at det berre fekk stå til. Før neste song skulle derimot tre korpsaspiranta opp på scena og spele "Deilig er jorden" på althorn, tuba og trombone. Og det e veldig godt mulig at ej ikkje ha trengt å bete mej so hardt i kinnet som det ej gjorde nettopp då, hadde det ikkje vore for ei litt for overivrig mor som brølte "hysj-hysj-hyyyyysj!" i dei taktene det skulle være pause, og "duuuuuuuuuuuuuuuuuuut" so lenge den siste tonen skulle haldast.

"Flottare forspel kunne vi also det ikkje fått..." sa han som leda festen ette at dei tre gutane hadde bukka for applausen. "...for no e det nettopp 'Deilig er jorden' vi skal synge!". So fann ej krakkej min der framme med pianoet, la henda på tangentane - og tenkte på det han nettopp hadde sagt. Og hoppa rett på. Og sjøl om fyrste setninga vart litt svake og amputert, so vart den siste sånn den siste skal vær. Herlige...:)

23. desember 2006

Gooood Juuuul!

Julefreden begynt å nærme sej Nærøya. Pappa he gjort ferdig all julematen, sirkelsaga står klar i kjellarej til å skjære gjøna marg og bein (bokstavelig talt), mamma he bakt alle kakene og juleølet står og venta på å smelle korka i taket en gong utpå julekvelden. Ej må vel ærlig innrømme at den store julestemninga ikkje he meldt sej enda (same procedure as last year...?), og me jobb seint i morga og tidligvakt på både julafta og fyrste juledag, e det nåke so seie mej at den kan verte vanskelig å oppdrive. Det går liksom litt i eitt, og ej savna den følelsen av å berre reise heim til jul, sette sej innerst i godstolen i stova, og berre puste ut. Lisjesysta he komt heimatt frå Oslo, og he sovidt sett føtene innom døra før ho susa utatt for å møte venna og kjente. Ej huska når det va sånn gitt. Ellers so berre blese det og blese det og blese det ute. Ikkje e det venta nåke store endringa helder, so det verte visst ei stormfull jul. Det e en grunn til at kvinnfolka går i bukse, og ej e sikker på at trenden starta her ute i havgapet hos oss. Dei siste dagane ha det vore store Marilyn Monroe- tendensa ute og gått, dersom vi ikkje hadde hatt på oss nåke so va festa mylla låra.

Men - no kunne ej fortsatt å sett litt sånn "halvtomt glas" på det heile, men det gidda ej no ikkje. I morga e det lisje julafta, ej skal ete vannvittig masse snop og drikke masse brus i dagane framover. Ej skal sjå "Tre nøtter til Askepott" (på jobb derimot, men det verte sikkert kjekt), ej skal pynte mitt eige juletre for fyrste gong (ette jobb i morga kveld, men det verte sikkert også trivelig..:)) og ej skal ikkje ete nåketing på julafta før pinnekjøtet står på bordet. Og då skal ej derimot ete mej nesten rett i hel. Pinnekjøt e berre BEST PÅ JORD. Og rabbestappe. Og potete so dette frå kvarandre. No vart ej svoltej.

Og so håpe ej på å få sjå vennane mine i løpet ta jula. Både dei ej ser på jamn basis, men også dei so ikkje finst her til kvardags. So skal ej spele på juletrefest, og so skal ej møte klassa mi frå ungdomsskulen til reunion i romjula. Syskena mine skal ej slå nedi støvlane i alle kunnskapsspela vi he. Det vil seie heilt fram til eldstebrorej min kjeme i romjula - då e det berre å innsjå sine begrensninga. 3. juledag kjeme enda en bror, kona hass og tanteungane. Med 11 voksne, 2 unga, en hund og en livredd katt, trur ej nok rette stemninga kan oppstå. Oppi alt ditte skal ej då spe på studentkassa, med en god del vakte på jobben. Med 11 voksne, 2 unga, en hund og en katt e det faktisk større sjanse førr at ej må reise på jobben førr å kunne krype ned i en godstol og slappe av... Den tankej e faktisk litt merkelig. No kjenne ej derimot at ej gler mej litt meir enn ka ej gjor i stad. Ei lita stund fekk ej den gode gamle kriblinga i majej, den so ej alltid fekk rett før jula sette inn. Men so va ej visst fortsatt berre svoltej...

Ja, og so tenkte ej at ej kanskje skolde få tida til å tenke litt på han jula virkelig handla om også. Kjenne ej mej sjøl rett, so verte det vel minst ta akkurat den bitej.
Ej lure på å omprioritere litt...:)

God jul til dej og alle dei du e sammen me! Håpe du fe tida til å site innerst i godstolej i stua .. og berre kjenne at du pusta.

15. desember 2006

Det e en ting ej sete pris på

Faktisk ganske stor pris på me. Og det e gamle folk so stille som eksamensvakt. Det e kje nåke tull med dei. Dei e pinlig nøyaktige, og veldig rettferdige. Dei fe jobben gjort. Du tulla ikkje me sånne eksamensvakte.

Ej gjorde et lite eksperiment. Ej sat der, blant 200 andre og skreiv på oppgåvene mine, når det blei på tide med en tur ut. Ej rakte handa i været, og responsen va der på 1/10- dels sekund. Ei tidligare lærarinde ta gode gamle sortej, ha tydeligvis tatt på sej ansvaret førr å dirigere dei andre vaktene rundt, og ho gjor det me glans. Til å vær i besteforeldregenerasjonej, so e dei himla go på å sjå og oppfatte kvarandre. Ej so trudde det ofte begynte å skrante litt me både syn og hørsel i dei åra der, tok visst skammelig feil. Ej fekk fylge ta en koselig mann i sin beste alder (80+) og han la sej bak mej og rusla avgårde. Det kan vær fleire grunna til at dei alltid havna bak dej når du går nåken plass - enten so vil dei ha fullt oversyn om at ingen snike sej innpå dej bakfrå og fortelle dej svaret på ei av oppgåvene, eller so lika dei å tru at du kanskje trenge å vær litt i fred. Min teori e at dei ikkje klare å halde fylge.

"Ej he betalt førr skona mine asso.." Sa bestefarvakta og smilte lurt til mej. Ej såg på håna, ned på dei flunkande nye skona hass og oppatt på håna, og visste liksom ikkje heilt ka ej skolde seie. Det teke ikkje longe stunda før sånt verte litt rart, og du oppdaga at nåke bør du no klare å seie tilbake. "Dei va riktig so flotte va dei!" sa ej og håpte det va det han va ute ette. Og so forklarte han mej at når han va på min alder so va knirkande sko et tegn på at du ikkje ha betalt førr dei. Ette den lisje historia so va vi sopass på nett, at han ikkje gjekk bak mej meir. Og ej slakka litt ned.

Neste gong ej måtte ut va det eksperimentet mitt tok form. Kor godt ser dei, skal tru? Ej begynte sakte men sikkert å rette opp fingerej. Og ej tulla ikkje når ej seie at før ej ha fått den opp i hakehøgde, so stod der ei lita dame på ca enmeterogførti og va klar førr å ta mej me. Ej va rett og slett fascinerte.

Når ej kom ut frå do, stod lisje dama mi og venta på mej. Ej gjekk å rista litt på handa, som ette intens eksamenskriving ha vorte ganske stive. "Næimenn, fekk ikkje du tida til å torke dej på henda en gong du da?" sa ho med verdas største og om mulig, kosligaste smil. So måtte ej no berre forklare ne kor det låg an, og før ej visste ordet ta det, so tok ho kalde handa mi i den varme og mjuke handa si, og leia ho mej heile veiej tilbake igjen til plassej min meda ho smila og flira litt innimylla. Når ho gjekk derifrå gav ho mej til og me en litej klem. Eller asso - ikkje en klemklem, førr ho rakk mej no ikkje lenger enn til øverst på majej.

Tilbake på plassej min trengde ej et par minutt på å kome mej ette doturej min. Det vart nesten litt grining. Ej vart so glade førr at det finst sånne folk so ikkje berre ser på det å vær eksamenvakt som peng i lomma. Førr eksamenej min va litt so som so. Halvpartej ta spørsmåla va so sendt frå oven mens restej va som sendt frå... ja, en heeeilt annej plass iallefall! Og so vart en litej tur på toiletten me den lavaste dama dei konde oppdrive, det som sette det heile i perspektiv. Ej ska verte ei skikkelig snilde gammale dame! Og då e det no ingen so bryr sej om kor det gjekk på eksamen! Eller so ho mamma sei (kvar gong en eksamen går på tryne..): "Det er ikke karakterene som teller - det er karakteren!". Og so trykke ho en finger djupt inni brystkassa mi.

Ej håpe ej fe tida til å besøke nåkren gamle folk i jula. Det synst ej du me skal gjer!

6. desember 2006

Tankane i haudet mitt akkurat NO

Ej he tre venninde so skal gifte sej til sommaren. Tre stykk! Ej he sikkert fleire me, berre ej tenke hardare ette. Sånn som mi gode Agnetha. Ho skal gifte sej til sommaren. Ho veit det berre ikkje sjøl enda. Frå før av he nesten alle i heile verda so ej kjenne gifta sej. Det går i kjola og slep og blomstra og kirke og alt so skal fylge med på en dag som ditta. Ej e litt misunneli kjenne ej.

He nettopp levert idrettsped og kroppsøvingsdidaktikkeksamenej min so ej he slete me den siste veka. Tatt i betraktning at vi he hatt 6 veke på oss å gjer den på, so e det vel ikkje so masse sympati å oppdrive når ej fortelle at ej e litt sleta. Men, det va deilig å få den unnagjort, og no kan ej slappe av ... I ca 45 minutt før ej må begynt å lese på "Idrett, kultur og samfunn". Men ej klaga ikkje asso! Det e veldig interessant, og ej lika det vi drive på me. I morga e det dei to siste timane med turn - og då drege vi fram storetrampolina. E det et godt tidspunkt å verte lemlesta i god tid før julekvelden ringast inn, so e det vel i morga mellom 11:15 og 13:00. Og under 20 andre hoppande glade kroppsøvingsstudenta som i rein trampolinelykkerus ikkje legge merke til at det e dej dei hoppa på. Ej gler mej!

Stolane på høgskulen e utrulig ekle. Dei ser bra ut, men e ikkje nåke særlig å site på. Det kjennes ut so du site på ei blanding ta en gyngestol (bra) med en ispinne i ryggej (ikkje so bra). Sjølve gynginga e ej litt usikker på i forhold til å skrive på tastaturet samtidig. No skal ej gynge som en helt samtifig so ej srkve på sseme tid. Ser du? Dunka dårliog.

Nei. Ej stikke...

24. november 2006

Post nr 102!!

Post nummer 100 kom og gjekk uten so mykje so et kryss i taket. Det gjorde Rita sin bursdag også, og ej kan vel ikkje sei at ej e stolte ta den bragda. Kan du tenke dej å ringe nåkren på bursdagen, og so he du glømt at det e bursdagen deira? Du seie hei og hallo, prata litt om vind og vær, takka førr dej og legge på. Sorry Rita! Bursdaga e ej virkelig ikkje nåke gode på.

Helga i Oslo va veldig koselig. Ej fekk litt kvalitetstid med flickorna, og fekk shoppa masse. Kredittkortet mitt he gnagsår og gongsperre, og bønnfelle mej om å få ligge i fred ei lita stund framover. Det e kje store faren for at det ikkje fe ønsket oppfylt, so lite det kan bidra me i disse dage. Det kjeme til å verte en tronge måned. Og ej he kje en gong spaghetti i skapet til å hjelpe mej i gjøna dei dagane ej veit kjeme til å kome når lønningsdag nærma sej. Takk og pris for at mamma og pappa e næraste nabo.

Det går fortsatt i eitt på kroppsøving, og i går fekk ej endelig levert inn ei oppgåve so he hengt over mej dei siste vekene. Folk i klassa sperra augene opp til det uanstendige når dei fekk vite at ej ikkje hadde begynt på den enda, men når ej fyrst kom i gong gjekk det so glatt so berre det. Ej trøsta mej me at 3 år på lærarskulen i det minste he lært mej å skrive oppgåve.

I går hadde vi turn igjen da. Og på neste torsdag skal vi få gleda av å instruere resten ta klassa i en øvelse vi he fått utdelt. Det e både kråkestuping og ringhenging på programmet, det e balansering på bommen og hopping over kasse. Ej va litt spent når ej scrolla mej nedover lista over ken so he fått ka, og fann tilslutt namnet mitt. Fingeren fulgte setninga ut og stoppa ved skrifta i kursiv. "Skranketips nr. 6" stod det. "Skranktips nr. 6..." gjentok ej førr mej sjøl og vridde hjerna mi. Ka skranke va førr nåke no igjen da..? Og so tenkte ikkje ej so masse meir på det der og då.

Men i går veit du! Då stod jubelej i gymsaltaket når dei andre drog fram skranken. Det e ditte monsteret ta et apparat - en høge bom og en lave bom so dissa små menneska frå Kina og Thailand og Vietnam fær å slynga sej rundt meda dei tenke på ka dei skal ha til middag, eller om dei huska å låse døra ette sej når dei fór heimafrå. Og skranketips nummer seks va ingenting ringare enn å begynt hengande i den høgste skranken, pendle til du fe stor nok fart til å kaste knena over den lavaste, og i samme øyeblikk so du he låst knehasene rundt den, sleppe taket i den øvste, pendle som en GAL inntil du ligge nåkelunde paralellt med golvet, førr so å åpne grepet rundt knena, og lande med et "hepp" på tjukkasen under. På føta.

Opp me handa dei so trur ej fekk det til.

28. oktober 2006

Til den det måtte angå...

SMS e utrulig drygt om dagen, so ej gjer det enkelt og greitt. Ej kjeme til OSLO 17.-19. (rundt om der +/- 16.+20.) november! HURRA!! Gleda mej til å sjå alle igjen!

Lansering og signering av sjølbiografien min "Me rosa skylappa gjøna livet" på Karl Johan laurdagen. Okay, det va berre tull. Det fe vi ta en annen gong eventuelt.

Vær der da...?

24. oktober 2006

Life as we know it...

Tida går, og rundt mej e det tre i knallfarga kar hen ej snur mej. Det he vorte haust i Volda, og akkurat no site ej på bibilioteket på høgskulen og skal friske opp litt på ei oppgåve. Ej he en stabel med fysiologibøke rundt mej på alle kanta, og ej va sovidt komt i gong når trangen til å skrive litt blogg igjen, kom over mej. So no site ej her og kosa mej me yoghurtej min og he det vel egentlig ganske greitt, til tross førr at fysiologiboka prøva å sjarmere mej tilbake til sej. Ha! "Arbeidslyst - treng dig paa, her skal du motstand finde!"

Det e heilt utrulig at tida he gått so fort so den he gjort dinne hausten. Ej føle at ej knapt nok he starta på kroppsøvingshalvåret mitt, og so vise det sej at det straks e over. Til no he det iallefall vore utrulig kjekt her inne, og Volda e en nydelig plass. Det e merkelig, men det tok ikkje monge dagane før ej følte at ditte va en god plass å vær. Sjøl om høgskulen her he litt fleire studenta enn NLA på Breistein i Bergen, so ligge det allikavel ei anna atmosfæra over dinne plassen. Det e kanskje fjorden, fjella rundt, eller det faktum at alt e so masse mindre her enn i Bergen, Trondheim eller Oslo so gjer at en føle sej trygge, glade og fornøgde. Ej ha vel aldri trudt ej skolde seie det, men det vise sej at Volda virkelig e alt det folk he sagt det e. En skikkelig trivelig plass!

Sida sist he ej vore meir eller mindre redusert. Det heile begynte med at ryggen sa stopp. Han ville ikkje være med på hverken orientering, stup eller turn lenger. Ej gjekk rundt i konstant pillerus, og hadde mej 4 besøk til to forskjellige kiropraktora før det heldigvis gjekk over. Kiropraktoren låste opp, og ryggen låste igjen igjen. Den eine sa ej burde gå mykje på fjellet, mens den andre sa at ej burde halde mej i ro.

So havna ej på sjukehuset en liten tur. Det viste sej at den tjukkasleiken vi bruka i oppvarminga (der du kaste dej på en tjukkas sånn at den flytta sej bortover golvet), ikkje va heilt gunstig. Den fyrste legen ej va hos, såg frå dataskjermej og bort på mej når han spurte om han hadde forstått øvelsen rett: "Dokke teke also en tjukk person ... og kasta dokke på han..?!?".

Ej blei iallefall lagt inn, og måtte igjennom en del betryggande testa, og en ej forsovidt konde vore foruten. Det e ikkje so greitt å bli undersøkt ta en relativt OK lege, som med ett klistra på sej en plastikkhanske og et medlidande ansiktsuttrykk før han ber dej om å drage ned buksa og snu dej me ansikte inn mot veggej. So he du dei so påstår at en sånn undersøkelse ikkje e nåke problem i det heile tatt, so lenge en berre slappa heeeilt av. Ikkje all verdens beroligande middel, ylang-ylang eller stressless-musikk kunne fått mej til å slappe av i dinna situasjonej. Om so Moder Theresa ha stått ved mi side og haldt mej i handa ha det ikkje hjulpe. Når ej tenke mej om so ha det faktisk berre gjort det verre trur ej.

Anyway... Ej blei skreve ut dagen derpå ette å ha grene mej til en ultralyd so ikkje viste nåke gale, ei oppfordring om å bevege mej sakte og med treningsforbud i 14 dage. Men ej lure på om ej ikkje skal begynt so smått å være med frå i morga av igjen. Vi he ganske intens stupetrening for tida, og ej innser at ej går glipp ta mykje moro for kvar time ej site på kanten. Ikkje det at det ikkje e like artig å sjå på dei forskjellige - sånn som to utvekslingsstudenta frå Kenya, som uten frykt i sinn går opp på 5- meterej og kasta sej ut. For so å treffe vatnflata med et brak. Kvar gong. Ej verte ikkje sjokkerte om dei enda opp på mottaket på sjukehuset. Med en turnusleges finger longt oppi der sola aldri skjine.

Aaahh... fysiologiboka - you win me over. Again, and again, and again...

24. september 2006

Africa, Africa lets go back to Africa

I dag sat ej og rydda litt her og der, no e det tross alt rett rundt hjørnet at ej kan flytte alle tinga mine ut frå skapet på rommet mitt, og ned i skapet i huset mitt. I ei kasse med alt det gamle skulerusket mitt frå Lærar- akademiet fann ej også rapporten min frå alternativ praksis i Etiopia. Det e so lenge sida ej he tenkt på det, og det va godt å forflytte sej tilbake til Addis ei lita stund, og tenke på alt det kjekke og flotte vi fekk oppleve der. Vi hadde det so utrulig artig!

Det e et kjempeprivilegium å få ha vore 5 veke i det landet, og alle burde berre få sjansen til å reise dit og sjå og verte kjent med det utrulige folkeslaget Etioperane e. Dei e dei einaste av to afrikanske folkeslag som aldri he vorte kolonisert - og det kan du sjå på dei også! Dei e et stolt folkeslag, og e glade i ditte landet som dei sjøl, og andre som ette kvart he opplevd Etiopia, kalla "Smilets land". No e der et anna land ej he vore i som også kalla sej ditte (Thailand), og ej he tatt ei uhøgtidlig kåring mylla disse to. Stillinga blei 1-0 til Etiopia. Dei trenge ikkje en gong å stille opp til kampen førr å vinne en gong, dei.

Etiopia kjøre litt sitt eige løp, også når det gjelde klokke og kalender. Der nede ligge dei 7 år ette oss i tid, nåke so vil seie at dei ikkje he komt sej lenger enn til 1999. Dei he 13 måneda i året, og klokkedøgnet deira begynt når sola står opp. Då e klokka 12:00. Unødvendig å seie at vi va forvirra dei fyrste dagane. Det va kje berre berre å vite ka tid vi skolde møte opp på skulen, og snart vart det litt sånn at vi møtte opp og satsa på at vi va i rute. Dei e uansett ikkje so strenge på det i Etiopia.

No he ei so ej va i praksis att me, bestemt sej førr å ha sej enda en tur tilbake til Addis. Ho går interkulturell forståelse ved NLA i Sandviken, og skal om ikkje lenge sette sej på flyet som teke ho tilbake til Addis, gatene, taxiane, Enculala Fabrica og alle dei utrulig herlige folka der nede. Ej e so misunnelig at ej kjenne det gnege. Nåkren so vil være me mej en tur? Ej kan være guide!

Kaffikos på trammen. Ikkje nåke 'Instant coffee' her i garden.

Injera - Etiopias nasjonalrett. Før du verte vant me det, e det som å ete ei tynn skumgummimatte so smaka gjær. Men so - brått e du avhengig. Mmm!

Bygartnaren e ute på jobb. Han klippe graset. Med saks!


Dinne lisje jenta va kje blyge en gong, men gjekk rett opp til tavla og sette i gong me å lede klassa i å lære engelske ord. C! A! T! - CAT!!! Fantastiske vesen...


Og hvis du e ta den oppfatninga av at Etiopia berre e støv, grus og stråhytte, fattige folk, sult og nød - so må du tenke om igjen. Her e vi ute på byn en kveld, og møtte folk som ba oss tynt om å reise heimatt og fortelle at Etiopia e so utrulig masse meir enn nettopp det nyheitene fortelle. Sjøl om Etiopia he masse dei må jobbe med for å bli kvitt fattigdom og vanskeligheite, so klare dei ikkje å kome sej utav det dersom vi går rundt og helde dei nede ved å sjå på dei som fattige og berre det.

Ååå, bli med en tur til Afrika! :)

21. september 2006

10 000!!!

No nærma vi oss raskt 10 000 treff på tellaren min, og ej legge mej flate. Det e so kjekt at so monge he vore innom i løpet ta det siste året! Den so verte nummer 10 000 må nok legge igjen en liten kommentar!