21. august 2009

Hannah og tanta på blåbærtur...



Blåbær! Store, søte og deilig blå. Innimellom edderkoppnett og hjortebæsj i blåbærskogen fann vi nokre få som enda ikkje hadde vorte med ein og annan ivrig bærplukkar heim enda.

Litt mat må ein ha når en er i plukkemodus. Etter å ha fylt botnen på Hello Kitty- bøtta med søte og store blåbær, var det på tide å finne ein stubbe og kvile litt på. Så fann vi fram heimelaga sjokoladekake og appelsinsaft og tok ein velfortent pust i bakken. Vi åt litt på kaka, og myggen åt litt på oss...

Det er mykje spennande å oppleve når ein er ute på tur! Hannah lærte meir om høgspentledningar og forstod at det ikkje er noko å spøke med. Ho syntes derimot tanken på at vi hadde gått oss bort i blåbærskogen var mykje meir skremande, og spurte kvart femte minutt om eg var heeeilt sikker på at vi kom til å finne vegen heim att...
Hannah sitt minne frå turen vår kan du sjå HER
SØTA:)

7. august 2009

Bye bye...

No skal ikkje ej so veldi longt vekk, men akkurat longt nok til å føle at ej flytta heimafrå igjen! Ej he fått mej leiligheit i Fosnavågen, og endelig (trur ej ej kan sei) e mi tid under føresettes tak over førr godt-godt-godt!

Det blei litt lenger enn ka ej nåkej gong ha trudd - ej som flytta heimafrå som 16åring skolde no vel aldri tilbake på jenterommet!? Men me alskens utanlandstura og sommara heime, he det vore sånn dei siste åra. No e det derimot over, og ej kan begynt på nytt førr mej sjøl igjen.

JIPPIIIII!!!

Leiligheta mi e derimot so store at ej he problem me å møblere den... Luksusproblem.

Då stikke ej avgårde og gjer Fosnavågar ta mej. Hjerteli velkomne på besøk i Vågsgata 55!