10. april 2007

Ej he sagt det før...

... og ej seie det igjen. Ej gler mej til sommar. Spesielt til én type sommarkvelda, der sola enda kan sjåast på fjelltoppane, mens det he vorte skygge og gufsete lenger nede. Det he vore en ta dei få dagane det e vindstille og varmt, og overalt ligge det ting og tang so minne om ka folk he dreve med. Pledd på plenen i hagen, rett ved sida av flaggstanga oppe på vollen. En volleyball nede på marka, et blad i steintrappa opp til verandaen på framsida av huset. Ei mugge som va fylt med saft og isbita tidligare, nåkren glas med ei flue på kanten av det eine. Et par slippersa og en badehandduk som heng til tørk over en stol, ei flaske med solkrem som ikkje he vore åpna på heile dagen, og en plass går nåken rundt med raude skuldre, arma og rygg. No e det heilt stilt, overalt - nåkren e ute med venna, andre site inne og ser på nyheitene. Alle he gått kvar til sitt, og naboa e kje å sjå lenger. Alle e fornøgde og late.

Sånne sommarkvelda veit en at en må rydde inn alt so ligge ute. Det fins liksom ingen garantia førr at fineveiret e der dagen ette, sjøl om det e vanskeli å forestille sej at det kan vær grått og vått og med tung, tjukk ulldottskodde hengande nedette fjellsidene når en står opp neste morgen. Å det e då, når en rusla rundt i gras so allereie bjunt å verte vått av dogg, og fryse inni strikkajakka hinna mamma som gnege mot såre og raude hud mens en plukka opp stolpute og pledd, solbrille og volleyballen, -at en ønska og håååpa på at resten ta sommarkveldane skal verte akkurat sånn.

1 kommentar:

Anonym sa...

å ja åja... det er sommer det;) Så godt som for læng sia færdi me vintern æ ja!!!