20. september 2006

Svusj....!

Dagane går so fryktelig fort førr tida! Ej fe knapt nok snudd mej rundt mej sjøl før dei e borte. Det visast vel egentlig ganske godt her inne også. Ej prøva so godt ej kan å få tida til å strekke til og blogge litt før ej sleppe haudet på puta og sovna med et brak klokka 23:30 kvar kveld.

Kroppsøving e bra da. Det går for tida i svømming og orientering, kropp – trening – trivsel, og kordan vi skal være med på å utvikle ungane sin sansemotorikk under leik og moro. Det e alt i alt ganske spennande. Og so pendla ej da. Ej som liksom skulle bu i Volda og hadde funne mej leilighet og greier, kunne ikkje anna enn å slå på tråden til han som skulle ha vorte huseigaren min og seie at ej ikkje ville bu der allikavel. Det va sopp i det eine hjørne i stua, og då orka ej berre ikkje. Det E ikkje det at ej e so himla kresa nei, det e berre sånn at ej he vore der før, og sopp og mugg og sånne kamerata skal en berre ikkje opphalde sej me over lengre tid. I learned it the hard way. I allefall vart nesten-huseigaren min ganske sinna. Og det forstår ej da virkelig.

So no, no veit du! No he ej fått installert mej i farmorstua, den lisje hytta et lite steinkast frå mamma og pappa. (Akkurat det kunne kaste vore litt lenger vekk da. Ikkje det at ej he nåke i mot å bu oppi mamma og pappa, men det e kanskje litt skremande at ej dei siste åra he vorte på dinne plassen som ej på en måte bestemte mej førr å boikotte – koste ka det koste ville. Utviklinga ser noko spanande ut…) Ej he då dreve å pussa opp kjøkkenet, og her om dagen fekk ej endelig dei to sofane mine, som ej i dag endelig kunne pakke ut. Det va som julaften der nede. Som julaften, berre at du veit akkurat ka du fe, og at du he betalt for det.

Men – nok om mej for dinne gong. Ej site her og e so trøtte at ej ikkje veit å kome på nåke meir å skrive om. Det e berre det at Liv Jorunn sin kommentar om at ej aldri blogga meir, va litt vel vanskelig å svelle. Å kor ej savna å ha tida til å blogge som i gode gamle dage.

Å herlighet – ej kan umulig ha hatt nåke liv med tanke på all blogginga ej faktisk fekk tid til då.

Ingen kommentarer: