28. desember 2006

I går va det juletrefest

på bedehuset, og det va en interessant opplevelse. Dei tidligare åra he det alltid vore stas å kome inn i storsalen, sjå det pynta juletreet, og møte smått og stort frå bygda - alle i finstasen og med stjerne i augene. Då e det endelig fest! Ej hadde sagt ja til å spele piano til songane, og det angra ej som regel på at ej samtykka til. No trur du kanskje at sida ej skrive "som regel", so betyr det at dinne gongen so gjekk det knirkefritt. Men det stemme ikkje. Ej kan nemlig ikkje lese nota, berre besifring. Farmor va den som i et lyst øyeblikk lærte mej å spele vilt, før ho SO innsåg at ej burde få utvikle det gryande talentet mitt innen den kommunale musikkskulen. Det e so å flå bjønnej før han e skotej, veit du. Det funka rett og slett dårlig. Ej brukte som regel min tildelte halvtime med pianolærarej min til å hekte skuldrane opp under øyrene, vende to auge små mot himmel blå, og be høgare makte innstendig om at ej måtte treffe rette tangentej. Når det då va en del ta dei å velge mylla, og når det ettekvart vart stilt krav til at du pinadø måtte treffe en svart en innimylla også, so seie det sej sjøl at musikkskulekarriera mi ikkje stod øverst på lista. Den dag i dag verte ej heilt lamma når ej må spele melodistemma på den songen ej skal spele. Og når litt av poenget med det heile faktisk e å sette folket i gong, gjerne ette et tydelig forspel so ikkje lemna tvil om ka song so står på plakaten, so ligge der en kombinasjon der en plass so berre verte litt vanskelig førr mej.

Ej allierte mej med lisjesystra mi og ei ta venindene hinna, og dei skolde bli med fram som forsongara. Men ditte va virkelig kvelden det ikkje gjekk so greitt, og heldigvis va det ikkje berre spelinga mi som la lista. Det gjekk i søkk og kav. Andaktshaldaren skulle snakke om Jesus i krybba og bad ungane fram til scena sånn at dei kunne sjå inn i julekrybba ho hadde me sej. Ungane hørte derimot "scena", og før ho fekk sukk før sej va det 70 krabata der framme med eitt mål for auge - gjere alt mulig anna enn å fylge me på det ho sa. Det blei et heise leven. Det va unga overalt. Dei spelte piano, balanserte på scenekantej og såg ken som klarte å hoppe alle trappetrinna i eitt hopp. Jesusbarnet gjekk i golvet, hyrda og engla og tre vise menn låg strødd både her og der, og tapen so holdt Betlehemsstjerna til pinnej sin, rauk. Maria og Josef vart ikkje plukka uto eska en gong, og sånn ej kjenne juleevangeliet, so va det vel ikkje akkurat sånn det heile føregjekk.

No va det derimot et poeng i at Jesusbarnet gjekk i golvet og knuste sej, førr på dinne måtej kunne dama fortelle dei håpefulle små om at Jesus også vart kalla verdens lys, og at ingen treng å vandre i mørket dersom Jesus e med. Og so fyrte ho opp et gigantisk stearinlys og sette det midt ned i julekrybba som då va laga ta mose, bark og småkvist. Eller, som dei seie i speidaren: opptenningsved. Vi so sat i salen såg berre lyskransej stå rundt hauda på dei so satt nærmast fjøsen. Ja, dei sat so nærme lyset at vi kunne sjå blodårene i øyrene på en og annej stakkar. Det e kje til å stikke under en stol at det va en del fedre so såg føre sej å måtte gå heimatt ette julefest med gutane sine uten verken augebryn eller augevippe, og en del mødre sverga sikkert å aldri, aldri, aaaaldriiii bruke hårspray på jentene sine igjen, berre det gjekk bra dinne gongen!

So ette dinne meir eller mindre vellukka affæra (alt ettesom ken so såg på det; foreldra eller talarej..), og besøk ta julenissen so fekk alle under 4 til å hylgrine, såg ej ikkje poenget i å gru mej nåke meir, og tenkte at det berre fekk stå til. Før neste song skulle derimot tre korpsaspiranta opp på scena og spele "Deilig er jorden" på althorn, tuba og trombone. Og det e veldig godt mulig at ej ikkje ha trengt å bete mej so hardt i kinnet som det ej gjorde nettopp då, hadde det ikkje vore for ei litt for overivrig mor som brølte "hysj-hysj-hyyyyysj!" i dei taktene det skulle være pause, og "duuuuuuuuuuuuuuuuuuut" so lenge den siste tonen skulle haldast.

"Flottare forspel kunne vi also det ikkje fått..." sa han som leda festen ette at dei tre gutane hadde bukka for applausen. "...for no e det nettopp 'Deilig er jorden' vi skal synge!". So fann ej krakkej min der framme med pianoet, la henda på tangentane - og tenkte på det han nettopp hadde sagt. Og hoppa rett på. Og sjøl om fyrste setninga vart litt svake og amputert, so vart den siste sånn den siste skal vær. Herlige...:)

Ingen kommentarer: