23. desember 2006

Gooood Juuuul!

Julefreden begynt å nærme sej Nærøya. Pappa he gjort ferdig all julematen, sirkelsaga står klar i kjellarej til å skjære gjøna marg og bein (bokstavelig talt), mamma he bakt alle kakene og juleølet står og venta på å smelle korka i taket en gong utpå julekvelden. Ej må vel ærlig innrømme at den store julestemninga ikkje he meldt sej enda (same procedure as last year...?), og me jobb seint i morga og tidligvakt på både julafta og fyrste juledag, e det nåke so seie mej at den kan verte vanskelig å oppdrive. Det går liksom litt i eitt, og ej savna den følelsen av å berre reise heim til jul, sette sej innerst i godstolen i stova, og berre puste ut. Lisjesysta he komt heimatt frå Oslo, og he sovidt sett føtene innom døra før ho susa utatt for å møte venna og kjente. Ej huska når det va sånn gitt. Ellers so berre blese det og blese det og blese det ute. Ikkje e det venta nåke store endringa helder, so det verte visst ei stormfull jul. Det e en grunn til at kvinnfolka går i bukse, og ej e sikker på at trenden starta her ute i havgapet hos oss. Dei siste dagane ha det vore store Marilyn Monroe- tendensa ute og gått, dersom vi ikkje hadde hatt på oss nåke so va festa mylla låra.

Men - no kunne ej fortsatt å sett litt sånn "halvtomt glas" på det heile, men det gidda ej no ikkje. I morga e det lisje julafta, ej skal ete vannvittig masse snop og drikke masse brus i dagane framover. Ej skal sjå "Tre nøtter til Askepott" (på jobb derimot, men det verte sikkert kjekt), ej skal pynte mitt eige juletre for fyrste gong (ette jobb i morga kveld, men det verte sikkert også trivelig..:)) og ej skal ikkje ete nåketing på julafta før pinnekjøtet står på bordet. Og då skal ej derimot ete mej nesten rett i hel. Pinnekjøt e berre BEST PÅ JORD. Og rabbestappe. Og potete so dette frå kvarandre. No vart ej svoltej.

Og so håpe ej på å få sjå vennane mine i løpet ta jula. Både dei ej ser på jamn basis, men også dei so ikkje finst her til kvardags. So skal ej spele på juletrefest, og so skal ej møte klassa mi frå ungdomsskulen til reunion i romjula. Syskena mine skal ej slå nedi støvlane i alle kunnskapsspela vi he. Det vil seie heilt fram til eldstebrorej min kjeme i romjula - då e det berre å innsjå sine begrensninga. 3. juledag kjeme enda en bror, kona hass og tanteungane. Med 11 voksne, 2 unga, en hund og en livredd katt, trur ej nok rette stemninga kan oppstå. Oppi alt ditte skal ej då spe på studentkassa, med en god del vakte på jobben. Med 11 voksne, 2 unga, en hund og en katt e det faktisk større sjanse førr at ej må reise på jobben førr å kunne krype ned i en godstol og slappe av... Den tankej e faktisk litt merkelig. No kjenne ej derimot at ej gler mej litt meir enn ka ej gjor i stad. Ei lita stund fekk ej den gode gamle kriblinga i majej, den so ej alltid fekk rett før jula sette inn. Men so va ej visst fortsatt berre svoltej...

Ja, og so tenkte ej at ej kanskje skolde få tida til å tenke litt på han jula virkelig handla om også. Kjenne ej mej sjøl rett, so verte det vel minst ta akkurat den bitej.
Ej lure på å omprioritere litt...:)

God jul til dej og alle dei du e sammen me! Håpe du fe tida til å site innerst i godstolej i stua .. og berre kjenne at du pusta.

4 kommentarer:

Agnetha sa...

God jul til deg og Marianne, og siden du ikke kan skaffe deg selv en fredelig jul, ønsker jeg deg en..:)

Anonym sa...

Kjære Marianne! I mangel på julekort, så kommer det her.
GOD JUL! OG GODT NYTT ÅR. Jeg savner deg, og begynte nesten å grine over den siste mailen om hvor godt du kjente meg. Du er så god! Kos deg masse i jula! Jeg er så glad i deg jeg!
Kjempe klemklem

Anonym sa...

God jul, ungen i vest!

Linda Tabita sa...

Hei, snuppa!! Virker så trivelig med jul hos dere med den digre familien! Trur jeg må slenge meg på en av brødrene dine før det er for seint... ;) uffa....det hørtes kanskje litt brutalt ut.. hæhæ! Jaja...nå er det nytt år igjen! Happy new year, love!!