21. juli 2008

Ditte visste du nok ikkje...

... om mej (ej va ganske uvitande sjøl også, viste det sej...)

I disse bloggetørketide stjele en idea som ravna stjele sølvtøy. Som so monge andre he gjort før mej, va det i kveld min tur til å ta mej en tur ut i den vide verdsveven og sjå ka den he klart å rote ihop om mej. I dinne omgong va det Liv Jorunn som ga mej inspirasjonej til å google og wikipedie mej sjøl, takk førr det. Og det fyrste ej he lært i kveld e at ej he vorte ført bak lyset. Ej he vorte ført bak lyset av et postkort. Ditte kortet hadde en gong hengt på ei bursdagsgave og hong trufast på opphengstavla mi gjøna heile pubertetej, det møtte mej med åpne arma kvar gong livet va litt trist, kvar gong kvisene tok overhand, strengej va det einaste so viste når du smilte, fregnene vart litt førr monge og det raude håret litt førr ensomt i et mylder ta brunt, svart og blondt. Kortet va ei trøst når drømmej om mi fyrste levi's-bukse en gong i 9.klasse smuldra vekk som sandkake myllå fingrane, den gongej ej endelig hadde fått penga til å kjøpe ei. Buksa hadde derimot ingen plana om å ta sej opp og over utsette utkantstrok - raua mi. Nederlaget va so stort, raua enda større og ej stod på rommet mitt og hylte mot høgare makte so konde gjer ditte mot mej. Det va i sånne stunde at ditte kortet lyste mot mej. Det hong der som en gammale venn og minte mej om mitt sanne mej. Om alt anna i livet konde være vanskelig, om alt gjekk en i mot so hadde foreldra mine iallefall gjort én ting rett: dei hadde gitt mej navnet Marianne. Som ifylge kortet betydde "vakker".
Det stod det.
Vakker.

Vel, mine damer og herrer! Det e no då ikkje heilt sant. Det kan ej no berre seie med en gong! Wikipedia he en litt annej informasjon å kome med, og ej sitera gladelig:
"Marianne er et kvinnenavn med flere opphav. Det kan være en fransk form av Maria, som kan bety «den tykkfalne»."

Akkurat ja. Den tykkfalne. Det e vel fleire enn mej so ser et lite sprik der. Og ej kan forstå dissa produsentane som sat der og lagde dissa korta som va fryktelig populære en gong på nittitalet og som spratt mylla bursdagsbarn, dåpsunga, unge og eldre som en squashball. Ej he kje problem me å sjå dilemmaet: "Nei steine det asso, Marianne betyr no pinadø tykkfallen det! Då fe kje vi solgt et einaste ta dei. Nei, det droppa vi. Vi seie det betyr vakker istadej!" Og sjøl om ej he levd på ei løgn og spredd den vidare med et beskjedent smil, so e kje ej verre på det enn at ej ser at det kanskje va greitt at dei pynta en smule på det. Ej trur ikkje det ha fungert so bra førr verken mej eller sjøltillita mi å komt heimatt frå buksebutikken den dagej i 9. klasse - og sett kortet der det stod det ej nettopp hadde funne ut heilt på eiga hand, liksom.

Navnet mitt kan visst også ha opprinnelse i den franske revolusjonej, der det blei gitt til en kvinnefigur som symboliserte friheit. Ei bondedøtte med lue på snei, tricoloren i handa, stormande framover med en kjole so utifrå maleriet tydeligvis må ha vore et makk å halde styr på. Men det ser no ut som ho fekk folk me sej iallefall.

11 kommentarer:

Anonym sa...

little Mary, or from Maria+Anna, 'bitterness' or 'strong, beautiful'+mercy
A national emblem of the French Republic, of the French State and its values (a claim is that this is a name from a secret french community)

marianne sa...

E du en ta kortprodusentane so prøva å ro dej inn igjen eller..?:)

Anonym sa...

Mangt og meget kan sies om deg, Marianne (og jeg kommer bare på fine ting). Men, en ting du i alle fall er, er morsom!

Agnetha sa...

ma= du
ri= er
an= utrolig
ne= stilig

næ= beundrer
rø= deg!


Hilsen Brura

Anonym sa...

Søta :)

Anonym sa...

Æ sett for tiden me nasen dypt i navnebøker for tia. Nestemann får itj nå navn før han/ ho bli så gammel at han/ho kan velg sæ et sjøl... Men i navneboka mi der står det at Marianne betyr - Lille Maria:)) Så d så! No syns æ du må oppdatere litt oftar altså. Æ sett stort sett på ræva, så da ha det vorre grett å ha nå lessa;)

Kirsti Antonett sa...

Go'Systra mi! Å, som ej SAVNA dej!! Gleda mej sann til å sjå ditt fiine andlet igjen!!:)

Du e pina brette mej ei gode ei! hehehe.. ej ler so ej grine!

Glad i dej<3

Gunnhild sa...

hmm..her har vi bare slutta å oppdatere?

Anonym sa...

Hipp hipp hurra!! Ej vart nr 20500 på bloggen din!!! :) Stolte ej vart.. Forresten lenge sida sist no.. både her å ute...:/ -T-

Anonym sa...

Ej trur det e nåke gale med sida di. Ej fe ikkje sjå innlegg du he skreve etter 21 Juli, kan du fikse det? :) Margrethe

Anonym sa...

Det e nåke gale med sida mi også Margrethe.. Kanskje det e det same problemet?? No vart ej forresten nr 21000 på sida di Marianne -T-